Borna kom ruslande på lang, lang rekke, og strøymde inn på helsehuset der bebuarane venta i spaning. Etter at yttertøy var hengt opp stilte borna seg opp for å innleie besøket med korsong, og også ein del av bebuarane stemde i.

Vakker song

– Det kan hende du får sjå oss felle ei tåre, sa Reidun Einang, pedagogisk leiar ved barnehagen, før borna skulle synge.

Om avisa kan tillate seg ei veldig kort konsertmelding så må den verte omtrent slik: Koret hadde eit solid låtval, med blant anna Ja vi elsker og Hysj kan du høre, og dei 42 klare barnerøystene fylte rommet med vakker song til glede for både bebuarar, tilsette og journalist.

Tog: Myra barnehage kjem for å feire Livsglededagen. Foto: Stig Bruksås
Bildelotto: Elling Thokle speler bildelotto saman med Heaily, Lilliane og pedagogisk leiar Reidun Einang. Foto: Stig Bruksås
Bildelotto: Heaily, Lilliane og Elling Thokle speler bildelotto. Foto: Stig Bruksås

Flinke

Elling Thokle, som for tida er bebuar ved helsehuset, sette stor pris på musikken frå dei små. Spesielt glad vart han for avslutningslåta, Ja vi elsker.

– Det synest eg var flott, seier han med eit smil.

– Dei var så flinke, og dei hugsa teksten godt.

Livsgledebarnehage

Aleksander Eidsvåg, aktivitetskoordinator ved Rauma helsehus, fortel av det var Tomas Hage, styrer i Myra barnehage, som tok kontakt med helsehuset i samanheng då dei ønska å feire Livsglededagen 24. mai.

- Då kasta vi oss rundt, seier Eidsvåg, og deler litt om kva som skal skje.

- Det blir bowling, elsykkeltur, erteposekasting, litt spel, og elles litt god mat.

Det er første gong Myra barnehage har akkurat denne typen samarbeid med helsehuset, men Tomas Hage fortel at barnehagen har vore Livsgledebarnehage i fleire år, og at dei ofte er på besøk på helsehuset.

Aktivitetskoordinator ved Rauma helsehus, Aleksander Eidsvåg. Foto: Stig Bruksås

- Vi har vore på både det gamle helsehuset og dette, og spelt, leika og lest saman med bebuarane, seier han.

- Å skape felles opplevingar mellom dei eldre og dei yngre det er så viktig, legg Reidunn Einang til.

Ho fortel at nokre av borna ikkje er så vande med eldre, og at det difor er veldig fint med desse møta.

- Etter kvart så vert dei vand med det, og det er veldig fint.

Barnehageleiar: Styrar ved Myra barnehage, Tomas Hage. Foto: Stig Bruksås
Bildelotto: Lilliane speler bildelotto med Heaily og Elling Thokle. Foto: Stig Bruksås
Dirigent: Pedagogisk leiar ved Myra barnehage, Reidun Einang, leier koristane gjennom songen Handa er her og foten er her. Foto: Stig Bruksås
Kor: Borna stiller seg opp for å synge til bebuarane. Foto: Stig Bruksås
Kokkar: Merhawit Testfamariam, Randi Astad-Haslacher, kjøkkensjef Merethe Bolstad og Amale Aursand laga blant anna aniskringler, kvefjordkake, gele utan gelatin og fruktspyd med sjokolade. Foto: Stig Bruksås