Tragedie og juleeventyr på kulturhuset i helga

Både tårekanalar og adrenalinpumper kan få køyrd seg når tragisk kjærleik vert følgd av musikalsk eventyr på kulturhuset i helga.

Tragedie: Det ser ut til å bli ei heftig framsyning når Riksteateret gjestar kulturhuset med Romeo og Julie fredag.  Foto: Erik Berg/Riksteateret

Kultur

Fredag viser Riksteateret Romeo og Julie, og arrangementsansvarleg Grethe Rødseth seier at kulturhuset vert fullt av ungdomsskuleelevar – nokon kjem heilt ifrå Lesja – som skal sjå det episke Shakespeare-dramaet, og at der er nokre seter att for andre, og kanskje eldre, som ønsker å leve seg inn i denne lidenskapelege og mørke historia om ungdoms umoglege kjærleik i 1600-talets Italia.