Høstmarkedet på Åfarnes ein publikumssuksess for andre år på rad: Allereie ein stolt tradisjon

Enkelte ting brukar berre eitt år på å bli ein populær tradisjon, slik som Veøy husflidslag sitt Høstmarked på Åfarnes, som allereie har vorte ein stor publikumssuksess.

Leiar Siv Tone Bårdsnes i Veøy husflidslag var både stolt og letta over det store publikumsoppmøtet under laurdagens Høstmarked på Åfarnes, der det gamle bakeriet K. Hjelles Bakeri var kafé og samlingspunkt. – Det gamle bakeriet og butikken var starten på Åfarnes som handelsstad, og her var det stinn brakke heile laurdagen, seier leiaren i Veøy husflidslag.  Foto: Arnt Øyvind Siem

Kultur

– Det har vore heilt fantastisk den starten Høstmarkedet har fått. I fjor var det aller første gongen at det gjekk av stabelen, og me følte oss vel litt forsiktig fram mot eit konsept vi meinte skulle bli bra. Men ein veit jo aldri heilt sikkert korleis responsen blir, fortel ein entusiastisk leiar Siv Tone Bårdnes i Veøy husflidslag.