Nye støtteordningar til unge kokkar og servitørar

- Reiselivet treng fleire faglærte kokkar og servitørar, seier prosjektleiaren.

Lærling Elias Dyrkorn VG2-elevene Tonje Venås og Sofie Bjørnesen på kjøkkenet på Rauma videregående skole. Bildet er tatt ved en tidligere anledning.   Foto: Stine Vandevjen Olsen

Næring

Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut to nye støtteordningar for elevar og fagarbeidarar som ønskjer å satse på kokk- og servitøryrket.  Det fortel dei i ei pressemelding.

- Reiselivet treng fleire faglærte kokkar og servitørar, og det ønskjer vi å gjere noko med, seier Jan Sverre Sivertsen, prosjektleiar for satsinga «Reiseliv, mat og kultur» i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Dei neste to åra vil fylkeskommunen, gjennom dette prosjektet, bruke 700.000 kroner på tiltak retta mot elevar og unge fagarbeidarar som ønskjer å satse på ei karriere i restaurant- og matbransjen. 

Stipend-ordninga blir for fagarbeidarar i kokk- eller servitørfag i alderen 19-25 år. Formålet med ordninga er fagleg fordjuping og kompetanseheving. Stipendet er på inntil 40 000 kroner, og kan brukast til å dekke utgifter som kursavgift, studiekostnad, reise- og opphald ved studieturar og liknande.