Heidi Remen Holm, som eig butikken Fru Holm i sentrum av Åndalsnes, har søkt Rauma kommune om kompensasjon for tapet butikken er påført i samband med utbygginga i sentrum.

«Fru Holm» har no lagt fram omsetningstal, og viser i eit brev til kommunen at ho har ei omsetningssvikt i høve til fjoråret på til saman vel 219.000 kroner i perioden mars til og med juni. Ho har ikkje konkretisert kor mykje butikken har hatt i netto tap.

Heidi Remen Holm skriv vidare i brevet at dette har gjort at ho ikkje har kunne gjort nødvendige innkjøp vår- og sommarmotar og at det vil få følgjer for omsetninga vidare sjølv etter at rådhusplassen no er nyopna. Med bakgrunn i tala ber Heidi Remen Holm om at kommunen som utbyggar betaler ut kompensasjon tilsvarande storleiken på omsetningssvikten.