Satsar på bogeskyting: – Skyting er ferskvare

Etter eit år utan stemner og konk- urransar, har bogeskyttar Veslemøy Synnøve Gjelsvik endeleg vore på sitt første stemne. No ser ho fram til fleire stemner og konkurransar, og NM i november.

Veslemøy og Geir skyt i fineveret. Bana ligg ved Furukollen i Isfjorden.  Foto: Stig Bruksås

Sport

Etter at koronaen sette ein stoppar for det meste av sosial aktivitet utanfor faste kohortar, har ho endeleg fått delta på sitt første stemne på over eit år. Det gjekk føre seg på Vigra, og vart prega av mykje regn og vind, utan at det sette nokon dempar på stemninga.