Rekordstor spelemiddelpott med 85 millionar kroner til idrettsanlegg i fylket – desse tilskota er tilrådd i Rauma

Fylkeskommunedirektøren har levert eit framlegg om kva for idrettsanlegg i fylket som skal få spelemiddeltilskot i 2020.

Tilrådd tilskot: Kunstisbanen i Isfjorden er eitt av anlegga i Rauma som har blitt tilrådd spelemidlar for i år frå fylkeskommunen.  Foto: Evy Kavli / Arkiv

Sport

Det melder Møre og Romsdal fylkeskommune. Fylket har i år fått 85 millionar kroner i spelemidlar, som skal fordelast på forskjellige idrettsanlegg rundt om. Fylkeskommunen melder at spelemiddelpotten for 2020 er den største nokon gong, som har ein samanheng med at søknadssummen i Møre og Romsdal for i år er rekordhøg. Dette gir òg eit større etterslep, og ifølgje fylkeskommunen vil det ta gjennomsnittleg 3,6 år frå ein har søkt til at spelemidlane blir tildelt.