Sjå bileta: 112 born på fotballskule

ÅIF arrangerer TINE fotballskule denne veka, og nokre har kome heilt ifrå Kristiansand for å delta.
Sport

Det er litt surt i veret, men ikkje for surt for fotball, og det er like før dagens trening skal sette i gang. Dei siste borna kjem sigande. Nokon set seg litt morgontrøytte på tribuna og venter på instruksjon, medan andre tjuvstartar treninga med dribling og ivrig målscoring.