Fredag kom jentelaget til Langfjorden til semifinalen etter å ha slått Tynset 5-0. Dette laget er no i ferd med bryte alle naturlover. Leiar i Langfjorden, Lillian Dahle, legg ikkje skjul på at ho må jobbe med seg sjølv for å tru at det er sant. At eit lag frå den vesle klubben Langfjorden, på tre år, kan vise til slike resultat som klubben nå kan gjere, er vel nesten naturstridig. Også dagleg leiar i Nordmøre og Romsdal fotballkrets, Are Lervik, seier han er mektig imponert.

– Nei, sei det, svarer Lillian Dahle når vi spør kva det er klubben gjer som ikkje andre klubbar gjer når dei oppnår slike resultat.

– Det har blitt ein god kultur i klubben, seier Lillian, men legg til at ho ikkje forstår heilt det som no nok ein gong skjer.

Ho er einig at det heile kan verke usannsynleg.

– Det er eit lag med svært flinke spelarar, seier Lillian og legg til at klubben i tillegg har lagt eit svært profesjonelt opplegg der dei bur på hotell, har styring på kva mat dei får i seg og har tilsyn med at dei får nok kvile og restitusjon.

– Eit heilt profesjonelt opplegg med andre ord. De skjemmer jentene litt bort?

– Nei, men det er eit svært seriøst opplegg der vi vil at dei ikkje skal måtte tenkje på alt mogleg anna. Det tærer på å spele så mange kampar over så kort tid. Vi som er rundt står på heile tida, ja, men det er og mange andre lag som gjer det slik, sjølv som det og er lag som ligg på luftmadrasser i eit klasserom. Men det viktigaste av alt er nok at dette laget har svært mange flinke fotballspelarar.

– Eit samarbeid med Træff frå Molde. Korleis fordeler spelarane seg?

‑ Nesten 50-50, men Langfjorden har alt apparatet rundt og Langfjorden har dei to trenarane som og opplever suksess tredje året på rad. Mange kjenner kvarandre frå før fordi dei går saman på skule i Molde.

– Kva tenkjer du som leiar i klubben om det nok ein gong skulle bli finale?

– Å Gud, eg tør nesten ikkje tenkje på det ein gong, seier Lillian Dahle.

- Godt jobba i klubben

Dagleg leiar i Nordmøre og Romsdal fotballkrets, Are Lervik, understrekar at kretsen ikkje direkte tek del i sommarturneringar som Norway cup, men han legg ikkje skjul på at kan gledar seg over gode resultat av lag frå kretsen. Han legg og til at det ikkje er noko tvil om at Langfjorden har gjort eit svært godt arbeid med jentefotballen i fleire år.

– Kva dei har gjort, må du nesten spørje dei sjølve om, seier Lervik.

– Er det litt naturstridig at ein liten klubb gjer det så godt fleire år på rad?

– Tja, det betyr aller mest at det har vore jobba godt i klubben.

‑ Har Langfjorden blitt eit regionlag i og med samarbeidet med moldeklubben Træff?

– Det blir ofte slik på ulike turneringar om sommaren, men dei to klubbane har hatt eit godt samarbeid i heile år.

– Kva betyr det for ein liten klubb å gjere det så godt sportsleg?

– Håpet er at det skal gje god rekrutering og at fleire jenter vil halde fram med å spele fotball og ikkje gje seg tidleg. Det vil og gje heile klubben god inspirasjon til å halde fram med godt arbeid, seier Are Lervik.