Laurdag vann han klasse 16-18 år under Alperittet - telemarkskonkurransen frå fjell til fjord i Stranda.

I konkurranse med Vidar Helde Kjølseth, tidlegare åndalsnesing som no har gjort molding av seg, og klubbkollega Sivert Hole - var Niklas den raskaste i si årsklasse ned løypa til målområdet i Stranda sentrum.

Niklas, som er ein framifrå felespelar, fekk tida 6.50. Vidar hadde tida 6.56 og Sivert 7.02.

Ut frå resultatlista som er lagt ut på nettsida til Radio Storfjord, finn vi berre ein løpar til frå vårt område. Erik Brekken frå ÅIF tok ein flott tredjeplass i klasse herrar 40-49 år. Brekken hadde tida 6.43. Han tok dermed innersvingen på sine yngre lagkameratar.

Niklas Støve deltok laurdag i Alperittet på Stranda. Han viste at han kan meir enn å svinge felebogen. Han vann like godt klassen for juniorar. Foto: Stein Siem