Hurtigbåten mellom Bolsøya og Molde har no begynt å køyre med redusert hastighet på delar av strekninga på grunn av aukande båttrafikk og aktivitet i hamneområda. Dette vil medføre nokre forseinkingar i høve til dagens rutetabell.

Frå og med søndag 3. mai vil Møre og Romsdal fylkeskommune offisielt oppdatere rutetabellen, og avgangane vil gå fem minutt tidligare frå Molde, og med fem minutt seinare framkomst til Molde enn det er i dag.

- Dette vil føre til at rutetabellen blir tilpassa den nye situasjonen, og båten vil få betre tid til å vise omsyn til aktivitet på sjø og land, seier rådgivar i Samferdselsavdelinga, Magne Hanestadhaugen.

I dag køyrer båtruta på dispensasjon frå fartsavgrensninga i Indre Molde hamn. I dette ligg det at farta skal reduserast for å unngå bølgjeslag slik at man kan oppretthalde ruta når aktiviteten i hamneområde aukar.