Ingen har så langt lykkast med å slå Jan Kåre Dahle, Svein Magne Dahle og Bjarte Friisvold i i roing i trebåt mellom Klungnes og Veblungsnes. Heller ikkje i år då laget kunne gå over målstreken med ein margin på fire-fem meter. – Ja, det var hardt, seier Jan Kåre Dahle som berre kan slå fast at næraste konkurrent kom svært fort på slutten og mangla berre få meter frå å vere på høgde over målstreken. Hardaste konkurrent vart i år ein ny båt med eit mannskap på fire. Mauritz Skiri, Even Østigård, Bjørn Aandal og Knut Farstad nådde nesten målet som var å vinne det første året i konkurransen. Men arrangøren Romsdal kystlag vil gjerne at det er ei mønstring det skal vere når båtane kjem til Veblungsnes. Her skal det vere båtprat og her skal gamle båtar på nytt kome fram i lyset. Godt restaureringsarbeid skal visast fram og gje inspirasjon til at andre skal kunne ta vare på sine tradisjonsrike båtar. – Ja, sjølv om det blir rodd så sveitten renn, så er det ikkje konkurransen vil først og fremst vil fokusere på, seier arrangementsansvarleg Rune Horvli. Av same grunn blir heller ikkje hovudpremien tildelt den raskaste båten, men trekt blant alle som deltek. Mellom 17 båtar vart denne gongen ein tur med Hurtigruta til Bergen trekt ut til Bodil og Kjell Arne Lybergsvik. Og folkefest var det på Veblungsnes. Fleire hundre hadde møtt fram og her var det sal av mat i nesten alle variantar. Ein stordag også for bygda Veblungsnes. Stein Siem stein. siem[AT]andalsnes-avis.no 71 22 77 25, mobil: 915 10585