Han vil presisere at tilsynet, som vart gjennomført i Åndalsnes og Romsdalen heimepleiedistrikt, var det ein kallar systemretta tilsyn.

Fylkesmannen har gjennomført tilsyn ved ei rekkje kommunar. Mellom dei utvalte denne gongen var Rauma. At det var Åndalsnes og Romsdalen Distrikt som vart pukka ut, var tilfeldig.

Her vart det registrert to avvik i systemet dei tilsette skal halde seg til.

– Alle avvik, sjøl om dei er systemretta, er per definisjon brot på norsk lov. Difor må vi lukke avvika, seier rådmannen.

Manglande dokumentasjon

Manglane er i stor grad linka til manglande dokumentasjon i det systemet tilsette har å halde seg til.

– Det vi må ordne opp i er difor av meir systemretta art enn reint fysiske tiltak, forklarar Moen.

– I rapporten står det at tilsette i heimetenesta på Åndalsnes/dalen arbeider under for stort press. Er dei for få tilsette?

– Det er noko vi skal sjå på.

– Tilsynet viser systemretta avvik i sentrum og dalen. Er tilhøva dei same andre stader i kommunen?

– At det var utført tilsyn i sentrum og dalen, var tilfeldig. Men kommunen vil sjølvsagt sjå til at systemet fungerer også ved dei to andre distrika – på Sørsida og Nordsida.

Ole Bjørn Moen fortel at kommunen allereie er i gang med arbeidet som forhåpentlegvis skal føre til "lukka avvik".

– Vi har hatt møter med einingsleiar, med systemansvarleg i kommune og kommunelegen, mellom andre, forklarar Moen.

Ein del av prosessen er å gå gjennom rutinene med dei tilsette – at det i heimetenester også er snakk om ikkje berre fysisk – men også ein skriftleg del.