Er Statens vegvesen i ferd med å setje stopp for all ny busetnad i bygdene langs RV 64 på Nordsida i Rauma kommune? Mykje kan tyde på det. For Signy Moa er vegvesenet sitt nei til å skilje frå ei tomt på garden til faren i ferd med å utvikle seg til eit mareritt. Ho flytta nemleg heim til Rauma med familien frå Sverige med det for auke å busetje seg i "Verdens beste kommune for naturglade mennesker". Bylivet i Sverige skulle bytast mot landlege tilhøve, eigen åker og god utsikt mot Langfjorden og Veøya. Men så seier Statens vegvesen nei. Nei til å bruke den avkøyringa som er fram til huset på garden i dag. Og trass i at Signy og faren Arthur har tilbydd seg å flytte avkøyringa i retning Åfarnes for eiga rekning, er svaret framleis nei frå vegstyresmaktene. – Vi får lov til å bygge hus nummer to på garden (kårhus), men vi kan ikkje skilje frå ei tomt fordi det blir meir trafikk. Forstå det den som kan, seier Arthur Moa og fortel at denne saka no har stått i stampe i lang tid. I familien Moa er det no ei kjensle av avmakt som breier seg og dei er i ferd med å gje opp heile saka. – For det første blir eg motlaus av å gå gjennom ein slik prosess og for det andre vil eg ha ting klart før eldste dotter mi skal begynne på skulen til hausten. Vi ser oss no om etter ein plass å bupå landet i Sverige der mannen min kjem frå, seier Signy Moa og innrømmer at ho er i ferd med å gje opp heile "flytte-heim-prosjektet". – Eg har høyrd at det skil seg kven som er sakshandsamar i Statens vegvesen. Slik kan det ikkje vere. Det må i alle fall vere likt for alle, seier Signy Moa. Torvik I Torvik har og Vegvesenet no gått mot at Eirik Jensen skal få skilje frå ei tomt på eit gardsbruk. Jensen har søkt om å få skilje frå ei tomt og å få bruke eksisterande avkjøring til bruket. Ei avkjøring som i dag er nytta til hovudhuset på bruket, nytta som avkøyring til landbruksdrift og nytta som tilkomst til vegen for mellom anna Torvik vassverk. Eirik Jensen seier han ikkje vil kommentere dene saka til Åndalsnes Avis fordi han framleis er i dialog med Statens vegvesen og av den grunn ikkje har gitt opp å få til ei endring i høve det svaret som elt er kome. Vegvesenet skriv i sitt brev at dei frårår kommunen å gå inn for ei frådeling. Dette trass i at fartsgrensa på plassen er 60 km/t. I argumentasjonen heiter det at RV 64 er ein viktig veg i transportmessig samanheng og difor ein veg der avkjøringssaker i følge retningslinene skal vurderast svært strengt. Generelt skal det berre bli gitt løyve til frådeling og utbygging som er i samsvar med overodrna plan. I praksis vil det bety frådeling der vegløysingar allereie er regulert og godkjent. Det blir vidare framheva at vegstrekninga manglar tilbud for mjuke trafikantar og det vil føre til at ei eventuell frådeling vil gå på bekostning av trafikktryggleiken på staden. Vegvesenet meiner difor ny bygging difor bør lokaliserast til etablerte bustadområde med avkøyring frå fylkesveg/kommunal veg.