Ulike initiativ har dei siste åra kome i høve eit mål om å samle alle på Nordsida til eit felles 17. mai-tog. No tek komiteen på Åfarnes opp tanken på nytt og har flytta arrangementet sitt på Åfarnes med tanke på å gjere toget tilgjengeleg for alle. Toget vil no gå frå skulen på Åfarnes klokka 10.00.

– Dette gjer vi no fordi Holmemstranda musikkorps ikkje greier å stille til å spele meir enn på ein plass og det blir på Åfarnes. No blir det høve for barna i dei andre bygdene til å kunne få gå i eit skikkeleg tog med eit korps i spissen. Dessutan kan dei gå saman med klassekameratane sine, seier Sølvi Halseth som har med seg heile komiteen på Åfarnes bak denne tilrettelegginga.

– Og dette gjer de ikkje for å konkurrere med arrangementa rundt om i dei andre bygdene?

– Nei, det er ikkje det dette handlar om. Tvert om. Vi legg til rette for at, dei som vil, skal kunne få ta med barna for å gå i tog på Åfarnes. Fleire har vore i kontakt med oss om dette og vi helsar alle velkommen. Så får folk reise heim kvar til si feiring i bygdene etterpå. Vi har ikkje plass til alle her på Åfarnes uansett, seier Sølvi Halseth.

– Det vart prøvd i fjor utan særleg stor oppslutning. Trur du at tida er meir moden no enn i fjor?

– Ja, eg er sikker på det. I fjor var det ikkje mange som kom, men i år blir det heilt sikkert fleire, seier Sølvi Halseth som er leier for arrangementet på nasjonaldagen på Åfarnes i år.