Kommunen skal fastette offisielle adresser. Dei er og den ansvarlege myndigheita for å iverksette eit adressesystem i lokalsamfunnet.

I dag er det vegadresser kun på Åndalsnes og i regulerte bustadfelt i kommunen. Resten av bustadene i Rauma har kun matrikkeladresser. Konklusjonen frå kommunen er at dette ikkje er godt nok.

Som eit eksempel kan vi nemne at det nyaste av bustadfelta i kommunen, Haugan i Isfjorden, framleis manglar vegnamn. Med det manglar bebuarane i feltet vegadresser.

Pressar på

Det er sentrale myndigheiter som no pressar på for at alle kommunar i landet skal gå over til vegadresser – og det i heile kommunen.

I Rauma er det i dag 1624 bustader med vegadresser – 3239 som kun har matrikkeladresser.

Rauma er ikkje åleine. Men det er ei rekkje kommunar som er godt i gang med arbeidet; nabokommunen Lesja er mellom dei.

Under siste formannskapsmøte informerte Arvid Meyer i oppmålingsavdelinga om situasjonen i kommunen.

Han har laga ei oversikt over kva som trengst om Rauma skal komme i hamn med eit adressesystem. Eit overslag viser at berre i Isfjorden er det behov for namning av 20 vegparsellar. 80 vegnamnskilt til ein stykkpris på 3000 kroner er antyda – noko som tilseier ein estimert kostnad berre i Isfjorden tilsvarande 240.000 kroner. Tek ein med resten av kommunen hamnar ein stad i underkant av 1 million kroner berre i skiltkostnader.

I ei tilsvarande sak i Halsa kommune på Nordmøre med 70 adresseparsellar vart arbeidsoppgåvene knytta til arbeidet stipulert til 675 timeverk – for Rauma kan det bli meir.