Utvalg for plan og forvaltning, vedtok nemleg einstemmig å vedta reguleringsplanen for Voldset sitt prosjekt, som første gong såg lys av dag i 2009.
Innsigelsar trekt
Sidan den gongen har Statens vegvesen og fylkeskommunen komme med innsigelsar. Vegvesenet fremma krav om at det måtte etablerast ei tilfredsstillande gangvegløysing mellom Sæbøstranda og sentrum av Måndalen, før dei kunne godta planene.
Men etter befaring har Vegvesenet trekt sitt krav. Det same har fylkeskommunen.
Til kommunestyret
Like ved der gamlevegen forlet E-136 aust for Måndalstunnelen, er det Voldset har eit naust. Han ønskjer å gjere om naustet til utleigehytter eller sjøboder.
Han vil utvikle eigedommen sin til å drive med sjøbasert turisme. I følgje rådmannen er det ikkje komne nye moment i denne saka – innspel som krev ei ytterlegare utredning. Reguleringsplanen er godkjent av utvalg for plan og forvaltning. Kommunestyret skal som siste instans handsame planen i maimøtet.