I 2003 vert Aage Nakken (Frp) valt inn i fylkestinget. Dei 46 andre representantene har vore frå andre kommunar enn Rauma sjølv om Torbjørn Bruaset (Sp) har vore fast vara i fylkestinget ei lengre tid av inneverande periode etter at Ola T. Heggem ble statssekretær. Truleg begge ein Arne Hoem (Frp) stod på 10. plass på fylkestingslista til Frp ved valet i går. Partiet har hatt 11 representanter i fylkestinget dei siste fire åra. Det kan difor vere at Hoem får plass, men seint i går kveld var det ikkje heilt klart. Vidar stod Marit C. Thorstensen (Ap) på 11. plass. Ap har hatt ni representanter i fylkestinget i perioden 2003-2007. Ordførar Torbjørn Rødstøl (Sp) må få mange ekstra stemmer hvis han skal inn i fylkestinget. Han stod på 15. plass for eit parti med fem representanter siste periode. Det skal og godt gjerast at Tove Merete Røvik Istad (H) vert valt inn med sin 12. plass på fylkestingslista; Høgre hadde 8 representanter dei fire siste åra. Nyt valg i 2009? Nye regionar skal vere på plass til 1. januar 2010. Det kan få stor betydning for det nye fylkestinget som vert valt 10.september 2007.Ny regioninndeling vil innebere at det skal veljast nye regionale styringsorgan. Valet skal i tilfelle haldast samtidig med stortingsvalet hausten 2009. Valperioden for det nye fylkestinget vart ikkje endra før valet i går. Det nye fylkestinget blir difor valt for ein ordinær valperiode på fire år. Forslag til framtidig regioninndeling skal leggjast fram våren 2008. I tilknyting til dette skal det også takast stilling til om det skal haldast ekstraordinære val til regionale styringsorgan før regionreforma blir sett i verk. Avhengig av korleis grensene for nye regionar blir trekt, kan det difor bli aktuelt å halde ekstraordinært val i heile eller i delar av landet hausten 2009. Av Lars Smisethjell
Nyheter →
En fast i fylkestinget?
Ikkje lokale. Mykje tydar på at Arne Hoem (Frp) frå Rauma vert valt inn på fylkestinget i komande periode.