Spor i landskapet er tittelen for markeringa av årets internasjonale kulturminnedag. Og ingen ting fall då meir naturleg for Rauma historielag enn å legge eit arrangement og invitere til vandring ved dei gamle gravrøysene på Horgheimseidet. Så seint som tidlegare i år vart det gjort nye undersøkingar her ved arkeolog Sæbjørg Walaker Nordeide frå Universitetet i Trondheim. Kva nytt som etter kvart kjem ut av det, er enno ikkje gjort kjent.

Men gravrøysene på Horgheimseidet har vore registrerte før og teikna inn på eit kart. Ifølge Edmund Søvik og Eirik Hoem i Rauma historielag skal det vere over 100 i talet og dei kan truleg skrivast attende til 5-6-700-talet.

– Arkeolog Walaker Nordeide har ein teori om at det truleg har vore ei tidleg kristning av Romsdalen og at nye undersøkingar kanskje kjem til å stadfeste det, seier Erik Hoem og legg til at fordi Romsdalen ligg om lag midt mellom universitetsmiljøa i Trondheim og Bergen, er det mykje som er ugjort når det gjeld utgravingar i vårt område.

– Når vi er så heldige at vi har arkeolog Kristoffer Dahle her i vår kommune, så er ingen ting betre enn at han har sagt ja til å orientere på kulturminnedagen, seier Edmund Søvik og vonar at årets tema vil vekke interesse blant folk. Rauma spelemannslag vil spele og det vil bli servering av kaffe og godsaker i høve arrangementet. I år er det første gong at Rauma historielag står åleine bak eit arrangement på kulturminnedagen. Eirik Hoem lovar at det skal bli meir allereie neste år. Laget har klare ambisjonar om å bli meir synleg enn berre gjennom arbeidet med årboka.

Vandring. Årets internasjonale kulturminnedag blir markert med ei vandring på Horgheimseidet. Det har mellom andre Edmund Søvik og Eirik Hoem i Rauma historielag sørga for. Foto: Stein Siem