I dag har dei to bygdene private SF-ordningar. Men frå august i år må elevar og foreldre halde seg til ei kommunal ordning – med dei åpningstider og foreldrebetalingar som inngår i den ordninga.

Det er i dag til samen seks SFO-ar i kommunen. Dei to bygdelaga på Sørsida samt Åndalsnes og Isfjorden har private ordningar – noko dei to sistnemnte vil halde på også vidare.

Ved oppvektssentera på Åfarnes og i Innfjorden er det kommunale.

På Vågstranda er det i dag 20 born som nyttar seg av ei ordning med frå 6 til 14 timar i veka. To born deltek i ordning der dei er 15 timar eller meir i SFO kvar veke.

Det spesielle med SFO på Vågstranda er at foreldra betaler 25 kroner per time dei har barnet i SFO. Skulle det vere dagar med ekstra tilhald må dei betale 30 kroner for kvar ekstra time. Tilbud om SFO har dei frå klokka 07.00 om morgonen til eit kvarter over klokka 16.00.

I Måndalen er det 8 born som nyttar seg av tilbudet frå 6 til 14 timar i veka – 7 born som er i SFO 15 timar eller meir kvar veke. I Måndalen åpnar SFO 10 minuttar over 07.00 og dei har åpe til klokka 16.30.

I Måndalen har dei eit betalingssystem nokså lik det kommunale. Dei samarbeider dessutan nært opp til barnehageavdelinga Måna som ligg i samme bygg.

I skuleåret 2011/2012 er det rundt 220 born som nyttar seg av SFO i Rauma. I Innfjorden er det 17, på Åndalsnes SFO 81, Isfjorden 55 og på Åfarnes 31 born ved SFO.

Overgangen til kommunal SFO vil føre til auka lønnsutgifter. Noko blir teke inn i form av auka eller justerte foreldreinnbetalingar ved dei to nye med kommunal ordning. Men også kommunen må rekne med auka utgifter på grunn av overgangen.

Åndalsnes vil framleis ha ei privat skulefritidsordning. Dette bildet vart teke i 2009 då Christian Westrum Pedersen i skulefritidsordninga fekk nye og utfordrande oppgåver som fotballdommar. Foto: Øystein Talberg