Mellom anna difor vedtok kommunestyret på siste møte å vedta forvaltningsplaner for tre statleg sikra friområder i kommunen.

Det gjeld Kolmanneset på nordsida av Romsdalsfjorden sett frå Åndalsnes. Det gjeld også Isfjorden friområde, eit areal som ligg sentralt til mellom sentrum og det største bustadfeltet i bygda. Og til slutt; Kammen friområde, som ligg nord for Øran Vest – ut mot fjorden.

Miljøvernleiar Brit Grønmyr er saksansvarleg og har sett opp ein del moment knytta til frområda.

Isfjorden friområde

er på rundt 45 dekar. Arealet fungerar i dag som eit rekreasjonsområde for barnehagar og skulen i Isfjorden. Dette er samstundes ein grøn korridor mellom bustadområde og marka. Korleis skal ein så tilrettelegge for aktivitetar i området? Her er det forslag om å etablere eit grindbygg, mellom anna. Rydding av stiar er sett på dagsorden – stiar som kan nyttast også om vinteren; til skiløyper mellom anna. Grønmyr har også teke for seg kva økonomiske behov som må leggast inn i etableringa. I tidsrommet 2012-2014 er det behov for 150.000 kroner til forskjellige tiltak knytta opp til Isfjorden friområde. Til årleg drift er det antyda eit behov på rundt 20.000 kroner – i det ligg det søppeltømming to gonger i veka.

Kolmanneset,

som ligg mellom riksvegen og fjorden på strekninga Isfjorden-Torvika. Arealet er 49 dekar stort, av det er 19 dekar dyrka mark. I dette området er det ei lun bukt som kan nyttast i samband med bading. Området ligg fint til og er vakkert utforma. Utsikta til Åndalsnes og fjella bak er fin. Korleis vil ein så legge til rette for bruken av området? Etablering av parkeringsplass er viktig – det same er toalett, grillar og bålplassar. Det er til og med planlagt planting av frukttre på friområdet. Når det gjeld behovet for pengar til tilrettelegginga er det skissert at det vil ligge i storleik 340.000 kroner i treårsperioden 2012-2014. Årleg driftsbudsjett er sett til 55.000 kroner.

Kammen.

Dette er eit sentrumsnært friområde i og rundt Kamsodden på Åndalsnes. I nord grensar arealet til ei småbåthamn, i sør mot eit industriområde. Når det gjeld tilrettelegging for bruk er det skissert opp behov for ein parkeringsplass, etablering av stiar og badeplass, baderampe og eit skikkeleg toalett. I første omgang er det snakk om å renovere det som finnst der i dag. Økonomisk sett er det antyda 50.000 kroner til oppgradering av toalettet. Når det gjeld parkeringa er det ikkje avklart noko behov. Drifta av friområdet er sett til 25.000 kroner årleg.

Som sagt hadde ikkje politikarane i kommunestyret noko innvending til godkjenning av ei forvaltningsplan for dei tre firområda.