Og sparekravet gjeld alle resultateiningane i kommunen. Om dei har overskot eller underskot i halvårsdrifta, utgjer ingen forskjell.

Skatteinngangen første halvår av 2012 ligg 2,8 millionar kroner under budsjett. Rauma er ein kommune som merkar svikta i skatteinngangen meir en gjennomsnitten av kommunar i landet.

Men skattesvikten blir kompensert av auka rammeinntekter. Det nesten utliknar svikten i skattinnbetalingar, men ikkje heilt.

Ein annan inntektspost som viser sviktande grunnlag, er eigedomsskatten. Omlegginga av systemet før 2012, verkar negativt inn på kommunen sitt inntektsgrunnlag. Tidlegare var botnfrådraget for eigedomsskatt på 77 prosent – skattetaksten var 7 promille. Dette vart endra til eit minstefrådrag på 200.000 kroner og skattesatsen vart sett til 2 promille.

Svikt i inntekter

– Totalt viser dei frie inntektene ein svikt i høve budsjett første halvår på 1,2 millionar kroner, opplyser økonomiansvarleg Anne Thorsrud i kommunen.

Som tidlegare omtala vart det gjort eit vedtak knytta til Rauma Energi AS si generalforsamling (kommunestyret) som også gir sviktande inntekter. Kommunen hadde budsjettert med eit utbytte frå Rauma Energi AS på 11 millionar kroner for 2012. Generalforsamlinga vedtok å redusere utbyttet til 8,5 millionar. Det er også med på å redusere kommunen sitt inntektsgrunnlag – i alle fall i år.

Nokre sprekk

Får ein mindre inntekter, er det også behov for å redusere utgiftene tilsvarande. Men nokre resultateiningar har problem med å halde budsjett. Politisk styring og kontroll, er ei av dei einingane der i alle fall styringa er ute av kontroll. Første halvår har dei ei meirutgift i høve budsjett på 600.000 kroner. Under formannskapsmøtet forrige tirsdag vart det peika på at fleire politiske møter no går på dagtid. Med det vil dei involverte ha krav på større kompensasjon for tap av arbeidstimar. Med det veks utgiftene.

Dei fleste oppveksteiningane har eit reknskap som går i null i høve budsjett. Barne og familieeininga derimot, har eit meirforbruk på 800.000 kroner.

Når det gjeld omsorgseiningane er det null avvik for omsorgstenestene i både Sør og Nord – det samme gjeld Rauma sjukeheim.

Åndalsnes sjukeheim har eit meirforbruk i høve budsjett på 12,6 prosent. Ein pressa situasjon innan pleie og tilsyn for vandrande demente og pleietrengande på natt blir mellom anna oppgjeve som årsak til ekstra innleie av nattevakt.

Redusert bemanning

Heimetenesta for Åndalsnes og Romsdalen opplever også sprekk i driftsbudsjettet. Her er det no snakk om å redusere bemanninga på dag og kveld for å redusere overforbruken.

Åndalsnes buteneste har også eit negativt avvik.

Eininga for stab og støtte driv derimot med overskot; eller mindreforbruk, alt etter korleis ein ser det. 6 prosent utgjer dette positive avviket.

Prognoser viser at det samla meirforbruket ved utgangen av året vil bli på rundt 5 millionar kroner. Det inneber at det må iverksettast ein sparekampanje i dei ulike einingane. Og under mottoet alle monner drar, gjev rådmannen no beskjed om å spare der det kan sparast – og det gjeld alle einingar; uansett om dei ligg an til underskot i drifta eller ei.