– I byrjinga av februar vil det slik det ser ut i dag vere klart for tunnelstart på Våge; kanskje litt seinare på Stolsneset, forklarar prosjektleiar Halgeir Brudeseth i Statens vegvesen.

Sprenging av ei salve gjenstår før anleggsfolka er komne fram til påhogget på Våge-sida av tunnelen. Like før jul vart ei salve på heile 20.000 kubikkmeter fyra av. No gjenstår ei liknande før vegen fram til tunnelåpninga er bora og sprengt ferdig.

På Måndalen-sida av tunnelen er det arbeidet med omkøyringsvegen som pågår. Og det er koblinga mellom ny og gamal veg som krev tid og ekstra arbeid. I tillegg skal det etablerast ei lekterkai på Stolsneset – ein kai der masse frå Vågstrandstunnelen skal lastast opp for skiping til traseen for Tresfjordbrua på Vikebukt.

Få vanskar

Prosjektleiaren seier dei så langt ikkje har møtt spesielle vanskar i arbeidet. Men på Våge har det vorte litt meir lausmasse enn forventa.

– Vi har hatt ei utfordring med å finne nok plass til deponering av denne massen, forklarar Brudeseth.

Men no skal det meste av lausmassen i traseen fram til tunnelpåhogget vere ute. Arbeidet med å frakte steinmassar til brutraseen på Vike er dessutan så smått komme i gang.

Røyr oppå

Som tidlegare omtala måtte arbeidet med den planlagte røyrgata – den som skal leie sigevatn frå tunnelen ned i Romsdalsfjorden – stansast. Årsaken til det var funn av arkeologisk interesse. Den planlagte røyrtraseen frå husa i Bjeringgarden og austover til kommunevegen mot Øvre Våge, skal undersøkjast til våren. Først når det arkeologiske arbeidet er gjennomført, kan røyra gravast ned i jorda. Ei førebels løysing blir å legge røyrgata oppå grunnen utan at dette vil forseinke prosessen med drivinga av tunnelen.

Som kjent er det Bilfinger Berger og underentreprenør M3 Anlegg som skal stå for arbeidet med Vågstrandstunnelen. Dei har etablert seg i og ved Glamox-bygget på Vågstranda. Ein større brakkerigg er etablert på plassen vest for bygget på Straume.

Få i tunnel

Noko storinnrykk av anleggsfolk vil det ikkje bli sjølv når arbeidet med tunnelen startar opp. Brudeseth fortel at pluss/minus fire personar vil stå for sjølve drivinga – boring og sprenging. Fleire vil det bli i samband med uttransport av steinmassen – ein tunnelmasse som skal mellomlagrast i området ved utløpet av tunnelen.

– Grunnen til mellomlagringa er den forholdsvis korte syklusen mellom sprenging og klargjering for ny boring. Det hastar med å få massen ut av tunnelen, forklarar prosjektleiaren.

Frå Våge vil massen bli lasta opp og frakta med semitrailer til Vike. Frå Stolsneset blir massen frakta sjøvegen – med lekter.

Kvar syklus – avfyring av salve, utkøyring av masse og reinsk – genererer fem meter med tunnel. Det skulle innebere rundt rekna mellom 730 og 740 dynamittsalver før det er gjennomslag i den 3665 meter lange tunnelen. Rundt rekna ein halv million kubikkmeter tunnelmasse skal fraktast ut og vekk.