Tomtearealet som går under namnet Kvartal 1, var fredag morgon ein langt større åpen plass enn berre for to dagar sidan. Då starta nemleg rivinga av det som ein gong var bilverkstad og hybelhus. No er arbeidet gjort. Torgeir Venås og gravemaskinen har jamna murbygget med grunnen. Steinmassen er køyrt bort. Einaste som manglar no er eit sandlag som skal dekkje til tuftene etter sentrumsbygget som ein gong var. Kvartal 1 har lenge vore utpeika som areal for eit lenge etterlengta butikksenter i kjernen av "Alpebyen". Uansett vil mykje avhenge av kva grunnundersøkingane av Åndalsnes, tilseier. Men når det gjeld sjølve arealet, skulle alt vere lagt til rette for utbygging; kva det kan bli. Butikkar eller bustader i flokk – kvar for seg eller i kombinasjon.