To mål av Freddy Nikolaisen og Kim Rudi Nikolaisen, begge på svært gunstige tidspunkt i kampen, gjorde at Måndalen kjempa seg til ein 2-0 seier mor botnkollega Bryn søndag. For kampen vart på ingen måte lett for heimelaget som møtte eit hardt kjempande og robust lag frå Farstad. I første omgang hadde Bryn to feite sjansar før Måndalen fekk sitt mål og fekk litt tak på kampen mot slutten av første omgang. Andre omgang var på mange måtar Bryn sin omgang, men laget klarte aldri å få det målet som skulle til for å snu kampen. Tvert om. Kim Rudi Nikolaisen klarte derimot det og trygga seieren for Måndalen då kampen stod og bikka og det såg på det styggaste ut. – Ja, dette var ein viktig seier for oss. Tre poeng i ein kamp som var viktig for ikkje å miste heilt sjølvtilliten. Heldigvis er det slik at det er mål som avgjer ein fotballkamp. Bryn var eit vanskeleg lag å spele mot, seier kaptein på heimelaget, Stein Åge Strand. Han innrømmer gjerne at laget hadde marginane på si side i denne kampen. Svært viktige kampar kjem no i tur og orden for Måndalen. Først Eidsvåg borte denne veka. Ein kamp Måndalen går til med fullt mannskap og skadefrie spelarar. Både Espen Pedersen og Jo Sigurd Vold utmerkt/utmerkte seg spesielt positivt i kampen mot Bryn. Stein Siem stein. siem[AT]andalsnes-avis.no 71 22 77 25, mobil: 915 10585