Ein sterkt trafikkert stamveg. Trongt mellom kvitstripe og glidekant. Nesten inga vegskulder der gåande kan skape seg avstand til biltrafikken.

Dette er situasjonen på strekninga av E-136 der det ikkje er mindre enn fire avkøyringar – ein til fylkesvegen gjennom bygda, ein til kommunevegen mellom Øygarden og Hjelvika og to til private bustader.

Dette er ein del av europavegen der spesielt tungtrafikken har stor fart. Vogntoga og trailerane brukar farta for lettare å kunne forsere ei fartstappande stigning den eine eller den andre vegen.

Stor fart

Men også den øvrige trafikken held god fart; i nokre tilfeller langt over fartsgrensa som er 80 kilometer i timen. Sperrelinja, som skal hindre forbikøyringar, blir dagleg ignorert – i følgje dei som bur i nabolaget.

Som naboane påpeikar i brev til kommunen; ein fotgjengar vart påkøyrt og drepen for nokre år sidan. I tillegg har det skjedd uhell med både bilar og motorsyklar – også det uhell med personskade.

Den fremste årsaka til henvendinga til kommunen er frykta for at noko igjen skal skje. Dette er nemleg også oppvekstområdet til barn. Skal dei til skule eller butikk er dette ei vegstrekning som må forserast.

Mange avkøyringar

Som sagt er det til saman fire avkøyrsler frå E-136 – tre av dei til sørsida av europavegen. Bebuarane i området håper vegmyndigheitene kan vere med på å gjere om dei tre til ei – ei trygg avkøyring.

"Dette er viktig for oss som bur her", skriv Irene Kormeset som har teke på seg oppgåva å vere kontaktperson.

Dei 13 bebuarane ber no om å få møte dei ansvarlege til ein samtale om korleis ting kan løysast.

Kommunen har sett på saka og leiar for teknisk eining, Dag Søvik, skriv i eit svarbrev at han har sendt kopi av brevet både til kommunen og Statens vegvesen. Han påpeikar at det er Vegvesenet som har ansvaret for både europavegen og fylkesvegen. Han ser det difor som deira plikt å svare på henvendinga og eventuelt utføre tiltak på staden.

Formannskapet hadde brevet oppe som referatsak på siste møte.