Video: Dag Christian Ugseth

(smp) – Så langt ser det ut for at vi kan opne vegen i starten av juni, seier kontrollingeniør Dag Christian Ugseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Han kan ikkje seie noko meir eksakt om opningsdato. Det er litt uoversiktleg, men han melder om stor framgang på dei problema ein har oversikt over.

Og om det ikkje skjer noko uventa, så blir det opning i starten av juni.

– Uavhengig av vegskaden, så kunne vi uansett ikkje ha opna vegen før, på grunn av snømengdene, seier Ugseth som denne veka filma med drone over vegen.

Sjå videoen som Ugseth har tatt frå arbeidet med snøfresing på Trollstigen denne veka:

Fylkesveg 63 i Trollstigen har fått store skader i vinter som følgje av snøraset om losna i fjellet Bispen, vest av Trollstigenplatået, ifølgje det fylkeskommunen tidlegare har opplyst.

I tillegg til ordinær snøfresing for å få opna vegen etter vinterstenging, er det også utført reparasjonsarbeid både på veg, vegkant og rekkverk.

Artikkelen ble først publisert hos Sunnmørsposten.