- Vi vil gjerne ha fleire kvinner på ferjene, seier Kurt Werner Holsæther i Fjord1 MRF. Vi har til ein kvar tid 3-6 stillingar ledige, og vi er alltid på jakt etter fleire dyktige kvinner. Det er positivt for miljøet og kompetansen.

Han trur få kvinner er klar over dei spennande mulegheitene som fins i maritime yrker, og kanskje spesielt innan ferjedrift. Her har ein mulegheit til å kombinere ein fantastisk spennande arbeidsplass med nærhet til heim og familie. - Fleire jenter bør velge maritimt, seier han.