Etter at Veøy omsorgssenter blei vedteke lagt ned i 2013, og Rauma kommune ikkje lengre har bruk for bygget, har det lenge vore klart at det skal seljas.
– Vi har vore i kontakt med meklar, og bygget leggast snart ut for sal, opplyser Skaug. Håpet er at aktørar i bustadmarknaden ser verdien i bustadmassen og plasseringa. Einingsleiaren er likevel klar over at det kan bli ein treig salsprosess.
– Førebels er det vanskeleg å seie korleis salet går, men det blir nok ikkje lett å selje eit slikt bygg, seier Skaug og legg til at det tok ei stund å selje Rødven skule.
– Vi håpar at rette kjøpar er ute på marknaden. Bygget skal uansett avhendast. Det er politisk vedteke, avsluttar einingsleiaren.