Men for å få til ei best muleg praktisk løysing, er skulen avhengig av å endre reguleringsplanen for Åfarnes bustadfelt. Skal ein få til ein best muleg adkomst til skulen ser utbyggar det naudsynt å ta i bruk areal sett av til bustadformål – til veg.

Det er to tomter i feltet som blir berørt av utbygginga. Etter rådmannen si meining var området lite tenleg som tomteareal; han innstilte på ja til reguleringsendring. Politikarane var samde i det.