Festivalsjef Raymond Talberg oppsummerer årets Sinclairspel med å fortelje at temmeleg nøyaktig 1300 personar har betalt for å sjå årets spel. Mellom tre eller fire hundre mindre enn arrangørane hadde håpa på, men Raymond Talberg seier det ikkje er noko grunn til å vere skuffa av den grunn. – Nei, skuffa er eg ikkje. Eg tenkjer no mest på at vi har fått opp att spelet til det det var og litt meir enn det. Responsen i år har vore fantastisk. Så får vi heller setje oss ned å sjå på korleis vil skal gjere dette kjent for folk både i Molde og Ålesund og i Gudbrandsdalen, seier Talberg og innrømmer at folk i Rauma no delvis er oppbrukt som målgruppe. Talberg meiner årets spel har dokumentert at det har livets rett og at det no handlar om å finne fram til ein del nye vegar. – Eg trur vi skal knyte spelet endå meir opp mot visjonen til kommunen når det gjeld marknadsføring. Vi kjem til å arrangere eit møte om ikkje alt for lenge med kommunen der regisør Erik Ulfsby vil vere til stades og komme med innspel til korleis dette kan utviklast vidare, seier Raymond Talberg. Stein Siem stein.siem[AT]andalsnes-avis.no 71 22 77 25, mobil: 915 10585