8. mai 1945 vart Norge igjen eit fritt land. Etter fem år med tysk okkupasjon og underkuing kunne det norske folket igjen heve flagget og rope eit fleirfoldig hurra til ein blømande vår.

På Åndalsnes vart frigjeringsdagen i år markert ved pålegging av krans av støtta som er reist til minne om dei falne i krigen – ei støtte som står ved stien som leier til Nebba og Nesaksla.

4. trinn ved Åndalsnes barneskole innleia markeringa ved å synge Ja, vi elsker. Ordførar Lars Olav Hustad la så på krans ved støtta.

– Vi vil med dette heidre dei som fall i krigen. Dette er også ei markering av den nasjonale veterandagen, sa ordføraren i talen sin.

Regjeringa beslutta i fjor at frigjeringsdagen, 8. mai – som også er den nasjonale veterandagen – skal markerast med høg profil. Det er mellom anna for å styrke anerkjenninga av vetaranane – ikkje berre dei som deltok i krigen, men også dei som kjempa i Koreakrigen, deltok i tysklandsbrigadane og i diverse Nato-operasjonar – skal ha ein dag i året der dei blir verdsett.

Det bur av desse veteranane rundt om i dei fleste av landet sine kommunar; også i Rauma. Markeringa skal vere samfunnet sitt takk til den dei har gjort i freden si teneste.

Ein av grunnane til at minnesmerkja etter dei falne frå krigens dagar skal kledast med blomar, er at dei skal minne om mot og motstand. Dette skal symbolisere grunnleggande verdiar i Forsvaret og det øvrige samfunnet.

– Det er samfunnet sitt ansvar å ta vare på denne kulturarven, blir det påpeika i ei pressemelding frå Forsvarsdepartementet.