– Frå Rauma kommunen vil eg uttrykke stor takk og ros for den måten Roe Ingvar Eide og Ottar Morstøl utan reservasjon greip inn og redda liv. Eg vil også uttrykkje glede for at vi har Mads her mellom oss, sa mellom anna ordføraren då han i forkant av kommunestyremøtet tirsdag delte ut medaljer, diplomar og blomar til dei to som utførte heltedåden. Blomar vanka det også til Mads Håseth, ungdommen som var involvert i ulykka.

23. juli var ungdommen frå Gjerdsetbygda på veg retning Åndalsnes med motorsykkelen sin. I den krappe svingen like før Vikanøstunnelen miste han kontrollen over sykkelen. Han hamna under ein møtande lastebil. Bensin frå motorsykkelen tok fyr. Ungdommen var klemt fast i eit brennande dødsfelle.

I lastebilen sat Roe Ingar Eide og Ottar Morstøl. Dei to greip resolutt inn. Dei fekk tak i Mads, drog han fram frå flammane. Alt tyder på at Roe Ingar og Ottar sine kjappe reaksjon gjorde at dei berga liv.

Tirsdag vart dei tildelt bronsemedalje med diplom frå Carnegies Heltefond. Frå kommunen vart dei tildelt blomar og ein stor takk for måten dei redda liv på.

Mads Håseth var sjølv til stades under tildelinga – ein ungdom som er tydeleg merkt av det som skjedde denne julidagen i fjor, men som sakte men sikkert kjempar seg attende til dagleglivet. Takknemlegheit er det han kjenner overfor dei to.

Kommunestyret viste si takknemlegheit ved å gje dei alle ein ståande applaus.