– Det viktigaste for meg er at kommunen no får sett desse to viktige elementa for eit levande sentrum på arbeidsplanen. Både ei forlenga cruisebåtkai og ei gondolbane til Nesaksla er viktig for å skape eit endå meir levande sentrum av Åndalsnes, seier forslagsstillar eller interpellant – Kåre Brøste.

Det var på siste kommunestyremøtet at Ap-nestoren fremma ein interpellasjon om dei to sentrumstiltaka.

Ordførar Lars Olav Hustad takka og rosa Brøste for forslaga. Eit samstemt kommunestyremøte gjekk inn for å ta interpellasjonen vidare i systemet.

Før møtet hadde ordførar Hustad gjort ei undersøking både med tanke på ei betre kailøysing – og kva vi i utgangspunktet snakkar om av prislapp for ei eventuell gondolbane.

Mange alternativ

Hustad kunne opplyse om at i det siste styremøtet til kaieigar Molde og Romsdal Havn IKS, den 8. februar, vart det lagt fram ei konkret sak om korleis ein skal kunne auke kapasiteten når det gjeld å ta imot cruisebåtpassasjerar.

Selskapet trur nemleg at talet turistskip med anløp Åndalsnes vil auke betrakteleg i åra som kjem. Som kjent var det første forslaget for å ta imot lengre skip til kai på Åndalsnes, å etablere ein såkalla d'albe i hamnebassenget. Ein frittståande pele, som skipa kan legge an mot, skulle vere ei form for forlenging av Natokaia. 65 meter vart forlenginga rekna ut til å bli.

Av Asplan Viak vart dette kostnadsrekna til rundt 10 millionar kroner. Men andre forslag til løysingar vart lufta. Det gjorde at hamneselskapet la planane om ein d'albe på is.

Stokkekaia beste løysing

Stokkekaia og Kullkaia i området tidlegare Tollpost-Globe er også vurdert. Geovest-Haugland AS har utarbeidd eit skisseprosjekt for ei ny kailøysing i dette området. Kostnaden vil bli liggende på mellom 36 og 53 millionar kroner.

Også Nordre og Søndre kai i Dokka på Øran er sett på som mulege kaier for anløp av cruisebåtar. Kostnadene for ei oppgradering av dei to kaiene er stipulert til 38 millionar kroner for Nordre Kai og 10 millionar kroner for Søndre Kai.

Geovest-Haugland AS har i tillegg sett på den løysinga som Kåre Brøste i si tid skisserte – uttrauing av masse i landenden av Natokaia og på den måten forlenge kapasiteten.

Geovest-Haugland har rekna ut at ei forlenging av Natokaia med 40 meter og med same djupne som for resten av kaistrekket, vil utgjere eit spuntareal på 2000 kvadratmeter. Volumet av masse som må bort er rekna ut til å vere 20.000 kubikkmeter og vil innebere ein kostnad på mellom 13 og 17 millionar kroner – moms ikkje medrekna.

Konklusjonen frå Molde og Romsdal Havn IKS er at Stokkekaia er for tida den mest interessante løysinga. Men med dei kostnadene, som er lagt til grunn, seier dei seg heilt avhengig av deltaking frå private investorar.

Når det gjeld gondolbane til Nesaksla, er det ikkje klarlagt noko eksakt kostnadssum. Men ein kostnad på rundt rekna 100 millionar kroner er skissert. Om havneselskapet vil ha med seg medinvestorar i kaiprosjektet, skulle det vere minst like viktig med private investorar i gondolbaneprosjektet.

Interpellant. Kåre Brøste fikk satt planer for ei utvida cruisebåtkai og gondolbane på dagsorden i siste kommunestyremøte.