Miljøminister fekk både mat og mykje lærdom då ho med eit følgje på seks personar gjesta Rauma i nokre timar på tirsdag. Ho fekk møte raumaordføraren allereie på Dombås og vart guida og informert på togturen ned til Åndalsnes.

– Vi fekk høve til å ta opp fleire spørsmål, seier Lars Olav Hustad og viser til at ministeren vart orientert og godstransporten på Raumabanen, om støysoneproblematikk i sentrum av Åndalsnes i høve til skyting ved Setnesmoen og ikkje minst parasittproblematikken i elvane vår, seier Hustad.

Han vart karakterisert som ein god gaid av minister Sundtoft. Ho kunne elles fortelje at besøket i Rauma var ein del av ein større tur gjennom Gudbrandsdalen der fokus hadde vore å sjå nærare på korleis naturen kan gje lokal verdiskaping.På Fiva fekk statsråden grundig innføring både i Rauma elv si historie og korleis det har vore og blir jobba med å få elva friskmeldt. Elveeigar og forvaltar på Fiva, Vidar Skiri og Trond Haukebø frå Fylkesmannen tok seg av den informasjonen.

Minister Sundtoft med følgje hasta deretter vidare over Trollstigen til Geiranger som var neste stopp.