I går fekk Kathinka Talberg, eller berre Thinka mellom venner, blomar frå Rauma kommune. Ikkje kvar dag at ein innbyggar i kommunen rundar 100. Varaordførar Eva Karin Gråberg sto for overrekkinga av blomane som vart godt tekne imot. – Imponerande å treffe ein person som kom til verda kort tid etter unionsoppløysinga med Sverige – som har opplevd to verdskrigar, seier varaordføraren i ein kommentar. Til Kathinka sa ho følgande då ho møtte den vordande jubilanten i går: – I dag vil eg gje deg blomar – på den måten heidre deg og dagen din. – Nei, no grin eg, sa Thinka i pur glede. Ho gret ikkje. Men på sin måte fortalte ho varaordføraren om livet som er og livet som var – mest om det som var. Kathinka er fødd og oppvaksen på Hoem i Tresfjord. Som den nest yngste i ein søskenflokk som kunne ha vore 10, men som vart ni, vaks ho opp i små kår. På Vågstranda hadde Jørgen Talberg starta opp med konfeksjonsfabrikk. Han visste ikkje si arme råd korleis han skulle skaffe seg arbeidarar; den tidas sytauser. I si armod gjekk han ein sommardag til Hoemsetra, i fjellet aust for Tresfjord, for å lufte problemet mellom setertauser. – Var det nokon her som kunne tenkje seg å sette seg til ei symaskin og sy klede? Kathinka var ei av dei som kunne tenkje seg å arbeide i konfeksjonsverksemda i Reistaddalen. Ein vakker dag kom ho reisande med rutebåten til kaia på Reistad. Ho var klar til ein innsats bak symaskinen. Etter kvart fekk Kathinka og sonen til Jørgen, Olav J. Talberg, eit godt auge til kvarandre. Sytausa frå Hoem skulle etter kvart bli kona til han som skulle føre verksemda i Dalen vidare. Tre born vaks opp i heimen til dei to. Godt humør; ein smittande latter og mykje gode glimt i auget, har i alle år prega Kathinka. Heilt til for nokre år sidan budde ho i Reistaddalen – dei siste av dei åleine i huset som ho og mannen reiste etter at konfeksjonsverksemda vart lagt ned. Dei siste åra har ho imidlertid hatt Voll omsorgssenter i Måndalen som bustad. Sjølv ein sprek 100-åring blir til slutt innhenta av alderdommen. Her skal ho også feire dagen sin i dag. Varaordføraren får ein god klem til avskjed. Journalisten eit varm handtrykk. I fellesstova ved Voll omsorgssenter leier Rune Singelstad an i songstunda – i songen der ein vandrar med freidig mot. Kathinka syng med. Orda er ikkje heilt dei samme som i originalen, men stemma er klar – klokkeklar. Også Åndalsnes Avis gratulerer med dagen.