Måndalingar og tilreisande ser aldri ut til å bli trøytt og lei av gladjazz med Ytre Suløen, Tricia Boutte og Uncle Lionel Batiste i Voll kyrkje. At dei i samband med Molde Jazz tek turen over fjorden til vollakyrkja, er etter kvart blitt ein tradisjon. Nokon vil kanskje hevde at gladjazz er gladjazz, samme opp att. Men spekteret som Ytre Suløen og medverkande artistar sitt repertoar spenner over, er så mykje, mykje meir. Jazzen dei presenterte i kyrkja måndag, var innom både gospel og blues. Og det viktigaste av alt; tilhøyrarane – i alle fall den harde kjernen – likar det dei høyrer og ser. Difor endar som regel seansane opp med trampeklapp og ståande ovasjonar, konserten måndag kveld var ikkje noko unntak i så måte. Ytre Suløen og Tricia Boutte presenterte stykke frå den nyaste CD'en som blir sleppt i desse dagar. Mykje spanande, mykja bra. Om aktørane i konserten er det følgande å seie: Dei kan faget sitt. Prestasjonsmessig ligg dei høgt, høgt oppe på skalaen – det vere seg både Tricia Boutte sin sang og medlemmene i Ytre Suløen sine instrumentalistiske prestasjonar. Øystein Talberg oystein.talberg[AT]andalsnes-avis.no 71 22 77 26, mobil:911 90213

<B>Fast vokalist.</B> Tricia Boutte er meir og meir eit fast innslag når Ytre Suløen dreg ut på speleoppdrag. Måndag imponerte ho nok ein gong.
<B>Gjesteartist.</B> Ingrid Sæbø deltok på avslutninga av konserten, både med solonummer og som medspelar i Ytre Suløen. Imponerande!