Odd Nordstoga og band ga publikum det dei ville ha. Gode musikalske prestasjonar og ein folkeleg rock, gjekk heim med eit brak. Elles rolege og sindige romsdalingar gjekk, om ikkje heilt av skaftet, så i alle fall delvis. Dei sang med, dansa og applauderte. Heim te mor gjekk heim til publikum. - Kjempefin arena og overraskande mykje folk, sa Nordstoga til Åndalsnes Avis etter at festen var over, overraska at så mange kom trass i at regnet bøtta ned før konserten. Under konserten vart kranen skrudd til, regnet drog sin kos. Meir om både Norsk Fjellfestival og ein konsert av dei sjeldne i tirsdagsavisa.

Folkeleg rock med norske tekster og sterke musikalske prestasjonar gjekk heilt heim hos folk flest.

Line Horntveth og Odd Nordstoga under framføringa av Grisen står og hyler. Foto: Øystein Talberg