I Norge har 17 til 22 prosent av alle gutar og jenter i tredje skuleklasse overvekt eller fedme. Dette viser ein barnevekststudie som Folkehelseinstituttet gjennomførte i 2010.

Og samanlikna med ein tilsvarande studie frå 2008, viser den at problematikken rundt overvekt og fedme brer om seg. Andelen av jenter og gutar med overvekt veks.

Helsesøster Marita Dahle i kommunen fortel at studien, som tredjeklassingane ved Vågstranda skule er tilfeldig plukka ut til å delta i, er eit tiltak som er komme i gang for å få betre kunnskap til vekstutviklinga blant norske skuleborn – og då over tid.

Stadig fleire

130 tilfeldige skular delt på 10 fylke er trekte ut til å delta. Det blir teke vekt, høgde og livvidde av tredjeklassingar kvart andre år.

Resultata for kvar skule er ikkje det interessante i den samanhengen. Og til no er det berre tal frå 2008 og 2010 som er tilgjengeleg. Men dei viser altså at stadig fleire tredjeklassingar i Norge slit med overvekt. Tre prosent er auken på frå 2008 til 2010.

Marita Dahle fortel at Helsedirektoratet sin intensjon med veging og måling av dei tilfeldig utvalte tredjeklassingane er å sikre god oppfølging av det enkelte barnet – dernest følge med på utviklinga i barnepopulasjonen.

Utvikling

– Ein veit at vekt og høgde er ein viktig indikator på born si utvikling og trivselen deira, forklarar Marita Dahle.

– Overvekt og fedme blant born har også samanheng med psykisk og fysisk funksjon og ikkje minst sjukelegheit i vaksen alder, legg ho til.

Når det gjeld helsetilstanden i Norge fortel Folkeshelseinstituttet at mellom barn og unge har det vore ein jamn auke i andelen med overvekt faktisk så lenge som dei siste 30 åra.

KMI

Verdas Helseorganisasjon (WHO) har publisert definisjonar for overvekt og fedme hos vaksne personar. Her nyttar ein noko som kallast kroppsmasseindeks (KMI) som blir rekna ut ved å dele vekt på høgde gange høgde.

Men NB: KMI kan ikkje brukast som einaste vurderingsmål for enkeltpersonar si kroppsvekt. Kroppsform, beinmasse og muskelmasse vil variere frå person til person.

«KMI er mest interessant for å kunne følge utviklinga i befolkninga – og over tid», heiter det i konklusjonen frå Folkehelseinstituttet.

Det same instituttet sler fast at dei fleste barn med overvekt som regel er fysisk friske, men nokre av dei kan ha psykososiale plagar.

Med samtykke

For å delta i barnevekststudien treng ein samtykke frå foreldra. Skulehelsetenesta skal ha samtykkeerklæring frå foreldra til kvart enkelt born som deltek. Høgde, vekt og livmål skal takast av skulehelsetenesta. Det held ikkje med å ta måla heime.

I tillegg til målingar skal helsesøster fylle ut spørjeskjema med opplysningar om den enkelte skulen. Dette gjeld informasjon om fysisk aktivitet, eventuelle skulemåltid og kva slags drikke elevane har tilgang til i skuletida.

Måleresultat og andre opplysningar blir anonymisert. For, som Folkehelseinstituttet påpeikar, det er ikkje opplysningar om det enkelte barnet som er interessante i denne samanhengen. Det er alle måleresultata samla.