For mange av dei 50 deltakande var turen tirsdag, den aller første til denne nedlagte seterstølen i Strandalia ovanfor Stranden nord for Åndalsnes. Erling Pedersen kunne fortelje om livet som ein gong var, om ei mor som gjekk daglege turar opp og ned lia med børtreet sitt - med mjølk frå setra. Norsk Fjellfestival har gjennom turar som dette ei viktig oppgåve. Ikkje berre får turdeltakarar høve til å gå opp att turstiar som delvis er heilt attgrodde; dei får også kjennskap til historia rundt seterstølar, gardar og anna som ein gong har vore ein del av nærmiljøet.

Undervegs var turdeltakarane også innom garden Nakken, der dagens eigar Inge Lorange Backer kunne by på saft og heimelaga pepparnøtter. Han fortalte historia om denne fjellgarden som er ein av dei eldste i området.

Inge Lorange Backer tok med turdetakarane inn i den gamle stova på garden Nakken.