Ein veldig god start på haust- og vintersesongen, konstaterer kinoansvarleg Christel Siem som har fått gehør hos byråa. Åndalsnes kino får igjen tilgang til suksessfilmen Mamma Mia. – Fredag, laurdag og søndag ventar nye oppsettingar, opplyser Christel Siem. Kva som gjer at filmen, med musikk frå 70-talets Abba, har vorte så utruleg populær, er det ikkje noko eintydige svar på. Handlinga er enkel, men for dei fleste tydelegvis svært så engasjerande. Musikken fenger så til de grader; det er kanskje viktigaste årsaken til at filmen er så godt besøkt. Skuespelarane med Meryl Streep i spissen, gjer også ein framifrå innsats. Mamma Mia er Sound of Music på ny. Christel Siem seier at av publikummet, som har funne vegen til Mamma Mia, er det ein del av dei som ønskjer å oppleve nostalgien frå tida då abbamelodiane Money, money, money – Dancing Queen, SOS og Mamma Mia – og alle dei andre sangane – som gjorde platetallerknane varme. – Men det er også mange unge som likar musikken og gjerne vil oppleve den formen for rennesanse filmen og musikken i den gir, seier kinoansvarleg som opplyser at dei sette opp ei ekstraforestilling også i samband med dei opprinneleg oppsettingane. Den vart selt ut i løpet av 20 timar. Opprinneleg er dette ein musikal. Til no er den sett av meir enn 30 millionar menneskje i 170 byar rundt om i verda – spela på sju forskjellege språk. I sommar kom den ut i filmformat. Suksessen har ikkje vorte mindre av den grunn. Fredag, laurdag og søndag kan du sjå den på Åndalsnes kino. Øystein Talberg oystein.talberg[AT]andalsnes-avis.no 71 22 77 26, mobil: 911 90213