– Tradisjonsmat er lett å spreie i dag fordi det knyter seg gode historier til denne maten, seier museumsdirektør Jarle Sanden ved Romsdalsmuseet. Han legg til at sekkjeposen derimot heldt seg merkeleg lenge berre i Vistdal.

– Det har noko med namnet å gjere, held Sanden fram og viser til at ein helst bør kunne seie "skj-lyden" for at dette skal bli heilt korrekt. Sanden slår og fast at sekkjeposen blir laga i mange variantar. Tradisjonelt nesten i eigen variant på kvar gard og med kvar "kjerring" som laga sin pose.

Jarle Sanden seier hans inntrykk er at dei fleste som prøver seg på sekkjepose, likar smaken og han kan fortelje at til og med prinsesse Märtha Louise har smakt retten under Bjørnsonfestivalens gallamiddag i Molde en gang.

– Men restaurantmat har det ikkje blitt?

– Nei, du kan bestille på Gildehallen på Romsdalsmuseet, men det er framleis ikkje vanleg. Det er rart ikkje nokon begynner med sekkjeposedag på same måte som balldag, seier Jarle Sanden og legg til at å ete sekkjepose handlar om å ete seg skikkeleg mett.

– Me skal velte i oss, kneppe opp brokja og så legge oss ned og slappe av for å kome til hektene, avsluttar museumsdirektøren.