Dette seier leiar Jan Arild Moen i Måndalen idrettslag. MIL søkte om 895.000 kroner til kunstgras og lys i Måndalshallen – 2,2 millionar kroner til etablering av friidrettsanlegg. Begge søknadene er godkjent, men er sett på vent.

– Kva vil det bety at de ikkje får tildelt spelemidlar for inneverande år?

– For Måndalen IL vil det bety ei økonomisk ekstrabelastning. Dess fleire år som går utan tildeling av midlar, jo meir vil laget merke denne belastninga, seier Moen.

Han legg til at overraska over at deira søknader ikkje oppnådde utbetaling for inneverande år, er han ikkje.

– Vi vart varsla om at det kunne ta heilt opp til fem år før vi kunne rekna med tildeling av spelemidlar. Slik sett er det inga overrasking.

Avslutta stadium

Arbeidet med Måndalshallen er for lengst avslutta. Når det gjeld etablering av friidrettsanlegg, er det førebuande arbeidet godt i gang. MIL beslutta nemleg å foreta ei renovering av fotballbanen før arbeidet med friidrettsanlegg vart sett i gang.

– Vi har harpa all jorda og blanda i den grusen som skal danne topplaget på fotballbanen. No står utkøyring av masse og planeringa for tur. Vi reknar med å kunne så i banen i midten av august, fortel MIL-leiaren.

Han legg til at alt arbeidet er basert på dugnad. Og på grunn av at jobben for det meste er maskinarbeid, vil det vere langt færre å dele dugnadsarbeidet på. Det tek ekstra tid.

Når det gjeld sjølve friidrettsanlegget, vil ein etter planen starte opp dette arbeidet i løpet av hausten.

– Skulle ting gå veldig smurt, kan det bli legging av asfaltdekket utpå hausten. Men det kan også bli til at vi ventar med å legge både asfalt og tartandekkje til våren, seier Jan Arild Moen.

– Vi har beslutta å bruke den tida som trengst for på den måten gjere det billigast muleg, legg han til.