Det aller viktigaste tiltaket når det gjeld sikkerheit for dei bilande gjennom den 3665 meter lange tunnelen mellom Våge på Vågstranda og Stolsneset i Måndalen er at den blir utstyrt med både radio- og naudsamband.

I tillegg blir det etablert 7 havarinisjer der ein har plass til å snu ein stor bil. Det vil også bli reist 7 naudstasjonskioskar.

I tillegg vil det gjennom tunnelen bli montert 22 naudstasjonsskap. Skulle straumen gå i tunnelen, vil trafikantane ha 148 lys som kan leie dei til ein av utgangane.

I Vågstrandstunnelen vil det også bli etablert eit naudstraumsanlegg. Framfor kvar ende av tunnelen vil bli montert opp bommar – fjernstyrte bommar i tilfelle stenging av tunnelen.

Trafikkantane i Vågstrandstunnelen vil også få variable skilt å halde seg til. Det vil også bli montert avstandsmarkeringsskilt som viser kvar i tunnelen ein er. Når arbeidet med sikkerheitsutrustinga av Vågstrandstunnelen tek til er det også snakk om ei parallell oppgradring av Måndalstunnelen.

Ved juletider i år vil trafikantane på E-136 mellom Vågstranda og Måndalen kunne belage seg på ei langt sikrare ferd.