Det er søndag kveld og dekka bord med heimelaga gulrotkake i lokalet til den økologiske matbutikken Idunns Epler i Ålesund. Men for dei ni som er samla rundt bordet er ikkje matserveringa det viktigaste.

Målet med møtet er å etablere eit fylkeslag av Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) og å vedta forslaget til stortingsvalliste for partiet i Møre og Romsdal. Tidlegare i veka har to av dei frammøtte starta opp Grøn Ungdom (GU) i fylket, ungdomsorganisasjonen til partiet.

Dei to er Silje-Marie Nord Alnes (21) frå Vågstranda og Styrk Finnøy (21) frå Giske, begge skuleelevar i gang med å ta fag på vidaregåande. No vil dei også jobbe med grøn politikk.

Pengar i banken

MDG har tidlegare hatt både fylkeslag og lokallag i Molde, Kristiansund, Ålesund og Volda. Men aktiviteten har døydd heilt ut dei siste åra. Dei som no har tatt på seg å blåse nytt liv i partiet og ungdomsorganisasjonen og stille som kandidatar til stortingsvalet har eit godt utgangspunkt: Dei har pengar.

Sentralstyremedlem Trude Blomseth Thy har tatt turen frå Oslo for å leie møtet. Ho fortel at Møre og Romsdal MDG har bra med pengar i banken, eit resultat av aktiviteten i tidlegare år og fylkeslaget sin del av medlemskontingenten.

Partiet har om lag 50 medlemmar i fylket, talet er stigande. Det betyr at også summen i banken aukar. For det nye styret gir det handlingsrom til å skaffe materiell til den komande valkampen og til å delta på landsmøtet og andre viktige tilstellingar i partiet.

Mykje å lære

– Vi har veldig mykje å lære, seier den unge nyslåtte leiaren av MDG i Møre og Romsdal, Silje-Marie Nord Alnes, og gløttar bort på makker Styrk Finnøy.

Begge er audmjuke i høve til oppgåvene dei har tatt på seg, men fulle av entusiasme og pågangsmot.

– Alle har starta ein gong og nokon må gå først for å få dei andre med, seier Alnes, overtydd om at det er mange som ho sjølv rundt om i fylket: Unge og vaksne som har sakna eit politisk parti som alltid set omsynet til miljøet først.

Rundt bordet er det fleire som fortel at dei først heilt nyleg vart merksame på at partiet eksisterer også her i landet. Men Øyvind Grimstad Gryt (34) frå Ålesund har vore medlem eit heilt år og kjenner seg som veteran. Småbarnsfaren er lærar i vidaregåande skule og driv økologisk gard ved sida av. Han har tredjeplassen på stortingslista, er vara til fylkesstyret og melder seg til å delta i skuledebattar når valkampen startar for alvor.

Tre personar er minstekravet til eit levedyktig styre, men dei ønskjer fleire å diskutere med. Fem er målet. Dei håper å få med to til frå lokallaget som skal gjenopplivast i Volda denne veka. Jobben med å tileigne seg meir kunnskap og med å velje ut miljøsakene dei vil satse mest på i valkampen har starta.

Skrevet av May Britt Haukås