Dei årlege lysfestane blir arrangert for å lyse opp for Raumas innbyggarar i ei elles mørk tid av året. Men like mykje er det ein fest der inntekta uavkorta går til Anne Kristine Herje og Frelsesarmeens engasjement på Haiti, Lykkens Hjem i Port Eu Prince. Ein fullsett Trollstolen, storsalen i Rauma Kulturhus, tok imot den halvanna times lange underhaldninga med jubel og trampeklapp. Spesielt imponerande var det å oppleve alle dei unge kulturkreftene. Det verkar som om Rauma har ei utømmeleg kjelde av kulturelle krefter. - Eg er veldig imponert over dette engasjementet for å hjelpe - at folk stiller opp gong etter gong, sa Anne Kristine Herje. Nok ein gong overvar den no pensjonerte frelsesoffiseren Lysfesten på Åndalsnes. Over nyttår tek ho igjen turen til alle "borna" sine i Lykkens Hjem. - Takk til alle som stiller opp, sa Anne Kristine Herje som ønska alle ei fredfull jul. Åndalsnes Avis kjem attende med brei dekning av arrangementet i laurdagsutgåva av avisa.