– Ja, det har vore svært hektisk og litte med nattesømn. Det er trafikksjef Per Oddvar Sæth i Veøy Buss AS som seier dete til Åndalsnes Avis. Han svarar på vårt spørsmål om tåkekaoset på Gardermoen har gitt stor trafikk på bussane til og frå Åndalsnes og Møre. Sæth kan fortelje at dei hadde heile ni bussar nordover Gudbrandsdalen natt til fredag. Tre gjekk frå Oslo og seks til vart sette inn frå Gardermoen. Han seier dei har eit samarbeid med fleire busselskap på oslokanten og at NorWay Bussekspress sjølve har bussar i reserve som kan setjast inn. At det i tillegg er skulefri slik at bussar er frigjorde på grunn av det, er heller inga ulempe med tanke på å få avvikle den store trafikken. – Ja, de går ut med plassgaranti. Korleis greier de å handtere det akkurat no? – Ja, vi har plassgaranti og vi skaffar bussar etter kvart som behovet melder seg. Vi har sjåførar som stiller opp på kort varsel og stiller opp på ein fantastisk måte. Natt til i går hadde vi ni bussar på vegen nordover og i går på dagen hadde vi fem. – Korleis har det vore med trafikken sørover? – Det kan verke som om det er meir tålmod denne vegen. Det har i alle fall ikkje vore snakk om å setje opp fleire bussar enn det vi hadde sett opp i utgangspunktet. Vi køyrer stort sett med tre no i julerusjet, fortel Per Oddvar Sæth og legg ikkje skjul på at dei siste dagane har vore blant dei mest hektiske sidan oppstarten av Dag- og Nattekspressen. Berre flystreiken i april 2006 var verre. Sæth seier det ikkje er råd å spå for dagane framover når det gjeld veret, men han lovar at NorWay Bussekspress skal gjere sitt til at alle skal kome seg heim til jul. Beredskapen er i alle fall på plass, lovar Sæth Stein Siem stein.siem[AT]andalsnes-avis.no 71 22 77 25, mobil: 915 10585