Mellom anna skreiv Åndalsnes Avis 15. mai i år om ein gard på Holm som var fullstendig rasert etter hogsten. Anne Berit Slemmen og sambuar Gunnar Holm kunne fortelje om oppkøyrt innmark. Djupe hjulspor etter hogstmaskinen si framkøyring av tømmeret. Skogsvegar var heilt ramponert og ubrukeleg. Skadane vart takserte til 80.000 kroner.

Men no har hogstselskap vore på oppryddingstur.

– Vi gjekk hardt ut etter skadene som vart påført garden vår. No er dei utbetra. Då føler eg også trong for å komme med litt skryt, seier Anne Berit Slemmen.

Ho forklarar at skadane på gardsvegen er utbetra. Hjulspora på innmarka er fylt igjen.

Også i hogstfelta på Vågstranda har det vore aksjon utbetring. På grunn av djupe hjulspor frå utmark til innmark,. kom til og med bekkar på avvegar tidlegare i vår/sommar. No er dette ordna opp – i alle fall så godt det let seg gjere. Så må ein ta tida til hjelp for at vegetasjonen igjen skal dekkje til åpne sår i terrenget.

Det blir mange av dei når hogstmaskiner dreg til med all si kraft.