Tre veker etter planen, starta Knut Straume jordbærsalet tirsdag. På sin vante plass i Lerheimskrysset ved Fv-64 på Lerheim i Eidsbygda, blir dei lokale raude bæra frå Straume sine åkrar bydde fram for salg.

– Bæra er av fin kvalitet. Den seine sommaren har ikkje gjort noko skade slik sett, seier Knut Straume som trur at allereie neste veke vil det vere full rulle med tanke på salg av jordbær til syltehungrande raumaværingar

Sommaren var sein i år, så sein at jordbærmodninga til Knut Straume har drege ut i tid. Men no er dei første modne bæra i salg. Foto: Stein Siem