Dette opplyser kultursjef Harald Krøvel i kommunen om fireårsperioden vi no har lagt bak oss. 2007-2010 er nemleg perioden eksisterande plan for idrett og fysisk aktivitet gjeld for – planen som gjev grunnlag for tildeling av spelemidlar til anlegg i kommunen.

Til hausten skal planen gjennom ei hovedrullering. Då skal politikarar i siste fase finne fram til kva for anlegg som skal prioriterast i neste periode.

Krøvel opplyser at frå 2007 til og med i år er det 26 anlegg som har fått godkjent tildeling av spelemidlar. Samla brutto kostnader på anlegga er i overkant av 33 millionar kroner.

– Av dette er 26 millionar godkjent som grunnlag for tilskot av spelemidlar, opplyser Krøvel.

Han legg til at 19 av anlegga har fått godkjent vel 9,7 millionar i spelemidlar. Men berre 5,4 millonar er utbetalt. Sju anlegg står på venteliste. Pengesummen tiltakshavarane ventar på er nesten 4,3 millionar. Når pengane vil bli utbetalt, er uvisst.

Retningsgjevande

Kultursjefen opplyser vidare at det er fylkeskommunen som fordeler spelemidlane.

– Kommunen si årlege prioritering er retningsgjevande, presiserer Krøvel.

Med bakgrunn i innspel, som er komne inn, har kultursjefen allereie starta opp 2011- behandlinga.

– På førstkomande møte 17. august, skal Rauma Idrettsråd trekkjast inn i saka, forklarar han.

Krøvel skryter av søknadene frå Rauma, som etter hans meining held høg standard og fekk godkjenning i første runde. Han lover tilsvarande kvalitetssikring også for 2011-søknadene.

Men til tross for kvalitetsarbeidet innad i laga, stagnerte utbetalinga av spelemidlar for Rauma sin del. For inneverande vart det betalt ut totalt 632.000 kroner i spelemidlar til Rauma – 213.000 til ordinære anlegg, 294.000 til nærmiljøanlegg og 125.000 kroner til dei minste anlegga.

– Spelemiddelfinansieringa gjennom Norsk Tipping greier ikkje å følgje med tida. Det er ikkje lenger samsvar mellom spelemiddelsøknader og dei midlane som ordninga disponerer, seier kultursjef Harald Krøvel.

Svikt i tildeling. – Ikkje lenger samsvar mellom etterspurnad og tilgjengelege spelemiddelkroner, konstaterer kultursjef Harald Krøvel. Sju anlegg i Rauma, som har fått godkjent tildeling av spelemidlar, står på vent for utbetaling av til saman nesten 4,3 millionar kroner. Foto: Anders Hagen.